onsdag 14. april 2021

Årringar

 

Årringar

Alle vintrar

lik alle somrar

høyr, regn og vind

sjå snø, sjå sol

med himmelvendt krune

denne felte kjempa

i  djupet jordfesta røter

fingeren tel årringar

og ber ei bøn for tida

denne krumma dimensjonen

bøygd i fastfrosne former

avslutta dagar  festa i levande masse

historia innvevd i molekyl

bundne i jamne rekkjer

kodar fingeren prøver å tyda

utan å lukkast

men minnast songen

ei skir susing i kruna

og lyden av barneføter

i fara til han som sette ned treet

dei lågmælte spørsmåla

når fingeren rører den inste ringen

røysta hans og svaret

gjeve for lenge sidan.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar