tirsdag 10. november 2020

Ruth Maier 100 år

 I dag 10. november på 100 års dagen for Ruth Maiers fødsel  vert ein plass i Oslo med hennar navn innvigd. Plassen ligg på St. Hans haugen, ikkje langt frå Dalsbergstien der ho budd i eit pensjonat for unge kvinner då ho  26. november 1942 vart henta av  norsk statspoliti og kjørt til transportskipet "Donau", første etappe på vegen til Auschwitz der ho sannsynlegvis vat sendt rett i gasskammeret då ho kom fram 1. desember. Ruth Maier har på mange måtar vorte eit symbol på deportasjonen av jødar frå Norge til naziregimet sine utryddingsleirar.

Rett nok var ho ikkje norske jøde, men ein av dei rundt fire hundre jødiske flyktningane som kom til Norge i åra like før krigen. Norske styresmakter var skeptiske til å ta imot jødiske flyktningar, men mellom anna Nansenhjelpen leia av som til Fritjof  Nansen var ein pådrivar for å ta imot desse som flykta frå forfølginga under Naziregimet. Ruth Maiers var bare 19 år då ho kom åleine til ein familie på Lillestrøm som far hennar i Wien tidlegare hadde hatt kontakt med . Ho lærte seg raskt flytande norsk og tok norsk artium, men var nok ei einsam og ulukkeleg kvinne, iallfall inntil ho vart veninne med Gunvor Hofmo som seinare vart ein kjent poet.Venskapet med Ruth Maier og hennar tragiske død fekk avgjerande innverknad på heile Gunvor Hofmos liv og forfattarskap. "Du malte din død" skriv  ho til Ruth som dreiv med akvarell måling. Det er gjennom dagboka ho førte gjennom heile ungdomen og fram til ho vart deportert at vi blir kjent med  Ruth Maier og hennar  lagnad. Hadde det ikkje vore for den og Jan Erik Volds innsats for å få publisert dagboka, ville ho og vore ein av dei mange ukjente og forlengst gløymde døde frå konsentrasjonsleirane. Det er ein uvanleg reflektert og belest tenåring vi møter i dagbøkene, ho er velformulert og til tiders nærast uhyggeleg klarsynt. I 1938 i Wien skriv ho: 

" Fedrene våre kan dere sende til Dachau, mødrene våre tilintetgjøre med gass."

Jan Erik Vold blir i eit intervju spurt om kva det kunne blitt av henne dersom ho hadde fått leva ? Han  svarar då berre at ho i alder var mellom Hanna Arendt og Susan Sontag !

Gunvor Hofmo stod sannsynlegvis på kaien då lasteskipet "Donau" la ut frå Oslo med kurs for Stettin 26.november 1942. Ombord var 532 jødiske menn, kvinner og barn. Berre ni av desse kom tilbake i live!

I 1946 skriv Gunvor Hofmo "Møte" :

Slik en regnvåt kveldsstund

kjenner du det er henne

en jødisk veninne de drepte,

hun hvis lik de lot brenne

sammen med tusen andres.


Ram stiger lukten fra fjæren.

Fuglene klynker alt stille.

Noen ler fjernt gjennom skumringen...

Stemmene klinger så milde

som de har natt i seg.


De vet bare at hun er her

og ser henne uten å se

og kjenner det bruke blikket

legge seg kjølig som sne

over din rådløse sorg.


Og din trang til å skrike,

rase, gråte og be,

slik som en liten unge

får viljen sin gjennom ved,

alt som du smertelig gjemte,

smelter vekk under det.


Du hører den myke stemmen

slik du hørte den sist,

spørrende uten klage,

dempet og underlig trist:

Warum sollen wir nicht leiden

wenn som viel Leid ist."






Snublestein lagt ned utanfor Dalsbergstien der Ruth Maier budde dei siste månadane ho levde.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar