fredag 13. november 2020

Fader Robert til minne.

 Trappistmunken Fader Robert ocso døydde i klosteret sitt, Hylland munkelyd i Tinn; 29. september i år. Rekviem og gravferd frå Atrå kyrkje 7.oktober, slik fekk han kvila i den bygda han budde det meste av livet og som han sette så stor pris på. Han fekk tidleg klosterkall og alt som 17. åring for 71 år sidan gjekk han inn i eit trappistkloster  i Rhode Island, USA minste stat, der han opphaveleg kom frå. Etter fleire år i ulike kloster modna tanken om å bli eremittmunk og han søkte råd hos Thomas Merton som vel  er den mest kjende og bokleg mest produktive trappistmunken.  John Willem Gran høyrde og til same orden, og då han vart biskop av Oslo ville han gjerne at fader Robert kom til hans bispedømme, og slik vart det. Han kom ein iskald januardag i 1967 og slo seg ned som einebuar, først i Gudbrandsdalen, seinare i Tinn i Telemark det han vart verande resten av livet. Tanken var nok at det skulle grunnleggast ein klosterkommunitet her og etterkvart vart det slik, sjølv om mange menn prøvde seg for kortare og lengre periodar men  for så  vendte tilbake til det verdslege livet igjen. Å leva som trappistmunk er ikkje for kven som helst, men for eit par tiår sidan kom to estiske menn til Hylland munkelyd og dei vart verande. Slik vart det ein liten kommunitet her oppe med sjølvbygde hus og kapell.

Eg las for føsret gong om fader Robert i St. Olav på 1970 talet. Ikkje så lenge før det hadde eg vorte introdusert for katolisismen og klosterlivet via Thomas Mertons sjølvbiografi "The Seven Storey Mountain" som forresten kom i norsk omsetjing no i år. Eg vart fascinert av det eg las, og tanken var å ein dag vitja fader Robert og den vesle munkelyden i Tinn, men så var det brått for seint.Ein skal aldri utsetja slike planar!  Dei som traff han opplevde han som ein heilag mann, kanskje som ein russisk starets eller ein av einebuarane i ørkenen på 2-300 talet. Vi trur at dei heilage ber for oss, små og store, kjente og ukjente, kanoniserte eller ikkje, alle er dei ein del av den store skaren som står framfor Gud og stemmer i sitt Sanctus. Fader Robert er nokså sikkert ein del av denne skaren no.

Han kvile i fred. RIP.







Cisterncienserordenen som trappistmunkane tilhøyrer kom til Norge i Mellomalderen og grunnla kloster på Hovedøya utanfor Oslo, Lyse ved Bergen og Tautra og Munkeby i Trøndelag.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar