fredag 9. oktober 2020

Jens Bjørneboe 100 år

 I dag 09. oktober er det hundre år sidan forfattaren Jens Bjørneboe vart fødd i Kristiansand. Han døydde for eiga hand i 1976, nedkjørt og alkoholisert. Eg minnest det godt, vi gjekk siste året på gymnaset og hadde akkurat lest og lete oss inspirera av hans siste roman "Haiene", men og trilogien om "Bestialitetens historie" som kom eit par år før. Det var mange av dei som var unge på 1960-70 talet som vart inspirert av den opprørske og frittalande Bjørneboe.

Bjørneboe er umoglege å setja i nokon bås, dette måtte i såfall vera som livslang opprørar og "enfant terrible" ? Han var den verdikonservative antroprosofen og Steinarskule læraren som etterkvart vart politisk radikal anarkist. Han skreiv alt frå vakre dikt i tradisjonell form til dei pornografiske bøkene "Uten en tråd" (blir neppe rekna som pornografiske i dag), han var romanforfattar, dramatikar, skreiv viser som framleis blir framført, han var essayist , og ikkje minst ein engasjert og provoserande samfunnsdebattant. Han tok opp viktige tema som feil og manglar i  skulevesnet, fengselsvesnet, rettsoppgjeret for å nevna eit par av dei mange saker han engasjerte seg i. Men han kunne og vera grenselaus naiv som  til dømes  i synet på Aust-Tyskland som biograf Tore Rem påpeikar.

Han var open for dei andelege og metafysiske sidene ved tilveret, noko som kjem tydelege fram i den siste romanen "Haiene". Sjølv om han braut med det antroposofiske miljøet på slutten av femtitalet, sat nok dette likevel djupt i han.  Jens Bjørneboes liv var turbulent og rotlaust, kanskje opplevde han å vera hudlaus overfor all smerte i tilveret ? Kva skal det menneske gjera som ikkje berre kjenner sin eigen smerte men og alle andres skal han ha sagt ein gong. Då er det forståeleg at alkoholen vert ein utveg, men kanskje hjelper det og å vera skapande kunstnar?

Jubileumsåret blir markert om enn noko amputert på grunn av smittesituasjonen. Vi har fått med oss foredrag av Tore Rem, dramatisering av Jonas, og så les eg om att "Haiene" etter 44 år.

Eg set pris på hans tidlege poesi, desse religiøst farga dikta i tradisjonell bunden form.

Til Våren

(Pinse)

De så ham komme og de så ham gå.

Men de som kjendte ham, de var så få,

og tyngden av det uhørte som skjedde,

og smertene ved dette å forstå,

de gjorde dem avmektige og redde.

Og alle døde litt ved det de så.


Hvad hjalp det dem i denne ventetiden

at saften steg i sedertrær og druer !

Nu var de hjemløse som ville duer

og hvileløse av sin store viden.


Hvad hjalp det dem i denne vnetetiden

at vårnatten var duftende og stor!


Først da de alle hadde møtt ham siden

tok hele hjemløsheten form i ord.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar