Amazing grace er Alan Elliotts film om Aretha Franklin basert på Sydney Pollacks opptak frå 1972 som av tekniske grunnar aldri vart lansert, men takka vera dagens teknikk får vi likevel ei tidsreise tilbake til The New Temple Missionary Baptist Church i Los Angeles i 1972. Aretha Franklin var på dette tidspunktet ein av dei store innan soul og blues sjangeren med ei rekkje innspelingar som hadde gått heilt til topps. Etter kvart skulle ho få tilnavnet eller hedersnavnet, " The Queen of Soul." I denne filmen og plateinnspelinga basert på konserten ønskte ho å få fram det som var hennar utgangspunkt og første inspirasjonskjelde - gospelmusikken slik han oppstod i dei afroamerikanske religiøse forsamlingane. Arethas far var baptistpastoren Clarence Franklin som og deltek i denne konsertfilmen, og hennar platedebut som 14 åring var med "The Gospel Soul of Aretha Franklin".
Då Aretha Franklin døydde for nokså nøyaktig eit år sidan vart ho hylla som ein av dei største artistane på 1900 talet. 18 Grammy prisar, første kvinne i Rock and Roll Hall of Fame, rangert som nr 9 av "100 greatest Artists" av tidsskriftet Rolling Stonef or å nevna eit par døme. Ho deltok og i innsetjingsserminiane for tre presidentar, Jimmy Carter, Bill Clinton, Barack Obama, men vegra seg for å støtta opp om dagens president!
"The Queen of Soul", singer, songwriter, pianist men og borgarrettsaktivist på same måte som faren.
Pastor Clarence Franklin var ein nær ven av Martin Luther King og deltok aktivt i borgarrettsrørsla på 1950- 60 talet. Aretha var nok inspirert av faren, og ho vart nok eit slags ikon for borgarettsrørsla. Ho favna både afroamerikanarane og "native americans".
Eg har ikkje noko nært forhald korkje til Aretha Franklin som artist eller gospel, blues og soul som sjanger, men vart likevel grepen av denne filmatiske framstillinga. Det var ein slike ekte intensitet, ei slik overveldande formidling av det som og var film tittelen: Amazing Grace - overveldande nåde !
Det er naturlegvis også eit interessant tidsbilete, men små fine detaljar som då ein i salen reiser seg og klappar begeistra, det er Mick Jagger. Pastor James Cleveland knytar det heile saman og introduserar såvel Clarence Franklin og gospelesongaren Clara Ward som var eit av Arethas store idol.
Religionen var ei viktig inspirasjonskjelde og drivkraft hos mange av dei sentrale peronane i borgarrettsrørsla. Vi er alle like for Gud, men sjølv om det formelt er like rettar for alle er det enno langt fram før det er reelt like rettar og livsvilkar for alle. Trua var og Aretha Franklins støtte gjennom såvel eit turbulent privatliv som eit hektisk atistliv. Ho vil fortsatt vera ei viktig inpirasjonskjelde for såvel unge musikarar som alle dei som kjempar for eit humant og rettvist samfunn.
Her eit artig opptak frå 2015 der Aretha Franklin syng for pave Frans.
https://www.youtube.com/watch?v=BH81E984ezw