mandag 6. mai 2019

Tre favorittar - kvinnelege komponistar

Tre favorittar - publisert i vekeavisa Dag og Tid.





1.Hildegard av Bingen  (1098 -1179)

 Dei færraste kan namngje kvinnelege komponistar,og det avspeglar nok at dette har vore eit av dei mest mannsdominerte fagfelt. Men det finst unntak, ein av dei eldste er Hildegard av Bingen , abbedisse, visjonær mystikar, etterkvart kyrkjelærar. Ho hadde eit vidt interessefelt som strekte seg frå naturvitskap og medisin til musikk. 77 hymnar og ei rekkje mindre verk er kjent,mange er gjevne ut i moderne innspelingar.

2. Barbara Strozzi ( 1619 – 1677)

Ho er noko så sjeldan som ein kvinneleg barokkkomponist, ei tid der kvinnas stilling iallfall ikkje var sterkare enn i Mellomalderen. Ho hadde mange odds mot seg, fødd utanfor ekteskap og sjølv einsleg mor,men fekk stort ry i si samtid. Ho var fødd i musikkbyen Venezia, og profilerte seg både som komponist, tekstforfattar og songar. 125 enkeltverk er kjent, det meste vokalmusikk i form av madrigalar, arier og kantater.

3. Roxanna Panufnik (1968 - )

Sjølv om komposisjon framleis er ein mannsdominert arena,har det dukka opp ei rekkje dyktige kvinnelege samtidskomponistar. Skal eit dra fram eit døme på det er Roxanna Panufnik eit naturleg val. Ho vart fødd i London av polske foreldre, og har utvikla seg til ein av dei meste allsidige og produktive i britisk musikkliv. Ho har skapt opera- og ballettmusikk, vokalverk,og kammermusikk, men framfor alt sakral musikk. Hennar mest kjende verk er Westminster Mass, komponert 
som 29 åring !


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar