tirsdag 6. oktober 2015

Den heilage Bruno og karteuserordenen

I dag feirar vi minnedagen for Den heilage Bruno som vert rekna som grunnleggjaren av karteuserordenen. Han er og skytshelgen mot pestsjukdom.
Bruno vart fødd i Køln omlag 1030. Han verka som domkannik i Reims før han fekk kall til eit strengare klosterliv. Han grunnla klosteret Le Grand Chartreuse i ein avsides dal nordaust for Grenoble. Det er framleis ordenens hovudsete. Bruno la opp til eit svært strengt og asketisk liv prega av stillhet, faste og bøn. Brødrene levde store delar av tida i eremitthytter og samlast til messe, enkelte måltid , matutin og vesper. Dei andre tidebønene vart lese individuelt. Bruno vart mot sin vilje kalt til Rom som rådgjevar for pave Urban II. Han grunnla og eit tilsvarande kloster i Sør- Italia  der han og døydde omlag år 1101. Karteusarane grunnla ei rekkje kloster rundt om i Europa i hundreåra som følgde, også i Danmark men ikkje i Noreg.Mange av dei vart nedlagt i tida etter den franske revolusjonen. I dag eksisterar det omlag 25 karteuserkloster rundt om i verda.
Ordenen er kjent for sin likør med navn etter moderklosteret. For eit par år sidan kom filmen "Die grosse Stille"(Den store stilla) som skildrar livet til munkane i Le Grand Chartreuse på ein vakker og poetisk måte.  Hans Fredrik Dahl kom i 2005 med boka "Kalt til stillhet" der han skildrar broren Filip som er munk i eit amerikansk karteuserkloster.Vel verdt å lesa. Boka er skreve eit par år før forfattaren sjølv valde å slutta seg til Den katolske Kyrkja.
Karteuserordenen har i liten grad forandra seg frå Brunos tid. Det vert sagt at ordenen aldri er blitt reformert avdi den aldri er blitt deformert. I dag framstår den som eit alternativ for dei få som har helse og  kall til å via seg til det strengaste klosterlivet i stille, einsemd og bøn.


1 kommentar:

  1. Eg har lese boka som hans Fredrik Dahl har skriva. Det er ei fin bok om menneske som tek store val for seg og i høve til familien

    SvarSlett