søndag 2. august 2015

Poetica:Saknad

Saknad

           
Låg kveldssol, varmt raudskjer over fjellsida
eg går mellom gamle kjemper
parvis står dei som aldrande ektepar
ask og alm, lønn og eik
eit og anna bøketre
planta som ein staseleg allé i ei fjern fortid
næra av jordsmonnet og regnet
vaks dei til kjemper
røter, stammer og mektige kruner
strekte seg mot himmelen
og møttest der oppe, vaks inn i kvarandre
langsame kjærteikn som vart ved
heilt til ein av dei fall for stormen
som pressa seg ned dalbotnen i aust
ein mørk haustkveld.
Maken stod att jamsides tomromet,
der den morkna stubben ber vitne om saknad,
den store saknaden som fyller all tid og rom
og som rørte meg dei første uforståelege åra
då eg gjekk mellom  kjempene for første gong
sette seg fast og vaks seg større og større.
Ingen kjærteikn kan lindra suta
før dei siste vindflagene frå aust løftar mørkret
og vi kan gå inn til ein annan morgon.


Den gamle alleen med Melderskin i bakgrunnen (forige innlegg)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar