fredag 17. april 2015

Notre Dame de Paris

Det er  alltid med like stor glede og forventning eg  kjem til Notre Dame de Paris, slik også for ei veke sidan ein tidleg laurdag i storbyen. Her er alltid fullt med menneske, dei som kjem for å be og turistar som bare ønskjer å sjå dette storslåtte monumentet over Mellomalderens gudstru. Likevel finn eg den etterlengta roen, nesten åleine i eit lite kapell bak koret. Eg kan tenna lys og la tankane samla seg om det vesentlige. Men eg går alltid først til alteret vigd til Therese av Lisieux, på høgre side like ved hovudalteret. Therese som aldri gløymer oss i sine forbøner.
Dessutan tenkjer eg alltid på den attenårige Paul Claudel (1868-1955) som stod ved den andre søyla ved inngongen til koret om kvelden juledag 1886. Han er ung og søkjande og på ingen måte førebudd på det som kjem til å skje denne kvelden. Koret syng Magnificat som avsluttar tidebøna til Vesper og på ein augneblink skjer det som skal forandra resten av livet til Paul Claudel. Sjølv skriv:" Jeg stod selv i mengden, ved den annen søyle ved inngangen til koret, på sakristisiden. Da inn traff den hendelsen som ble bestemmende for hele mitt liv. På et øyeblikk ble mitt hjerte beveget og jeg trodde. Jeg trodde med en slik styrke at siden da har ingen bøker, ingen resonnementer, ingen hendelser i livet kunne bryte ned min tro, enn si rokke ved de."
Det går likevel fleire år før han finn sin plass i Den katolske kyrkja, dette var ei tid som la mange hindringar i vegen for ein ung student som søkte utover den sekulære rasjonalismen.
Paul Claudel kom seinare til å gjera karriere som fransk diplomat, men det er som diktar han vert hugsa. Ei diktargjerning som i tematikk byggjer på denne grunnleggjande Notre Dame opplevinga.
Plassen der han stod denne første juledag er markert med ei innskripsjon i golvflisene. "Magnificat.
Conversion de Paul  Claudel 1886."






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar