Eg vart for alvor merksam på han som forfattar i 1990 då han gav ut diktsamlinga "Meditasjonar over Georges de la Tour ", boka vart og nominert til Nordisk råds litteraturpris. Desse dikta inspirert av den franske 1500 talls kunstnaren vart ein syntese av biletkunst og lyrikk som opna ei heilt ny verd for meg. Den heilt spesielle skildringa av lys i nattemørkret som Georges de la Tour var ein slik meister i å få fram finn ein og i dikta til Paal-Helge Haugen. Då eg stod framom desse fantastiske bileta i Louvre hadde eg naturlegvis Paal -Helge Haugens tekstar i bakhovudet.
Ei anna bok som eg sette stor pris på er"Vidde" frå 1991 der han samarbeidde med kunstnaren Gunnar Torvund. Boka skildrar Setesdals heiane slik eg sjølv har opplevd dette landsskapet, lært det å kjenna og vorte glad i det.
I 2009 kom boka "Kyst.Sør" der han skildrar Sørlandskysten. Eg tek med to vårdikt som innleiar denne boka:
" Våren på venger
frå sør
Havsula inn frå havet
Ein dansar under himmeltaket
åleine med sin dans
Morgonen ned
over uthamnene
Ein grålysande veng
med kantar av karmosin
Eit reisverk i gyllen luft
ført opp av ei stigande sol
Morgonens stolpar og bjelkar
for å bera dagen."
.....................................................
"Ein koboltblå kveld
i den umerkelege overgangen
mellom vår og sommar
Ei krusing over vatn
på veg inn
i den næraste natta
Ei kviskring
under pusten"
Til lukke med dagen. Vi ser fram til fleire bøker !