Årets først dag er og ein av av Kyrkjas minnedagar for Maria. I Karmel har Jomfru Maria ein spesielt viktig plass. Maria er "Decor Carmeli" - Karmels smykke og pryd. Alt i Mellomalderen vart Karmels marinanske identitet uttrykt med orda "Carmelus totus marianus" - Karmel er heilt mariansk.
Kyrkja lærer oss at Maria aldri kan skygga for Kristus, tvert imot Maria viser alltid mot Sonen. Ein av Karmels mystikarar seier at det er klokt å ikkje sjå direkte mot sola men heller la sola reflekterast i ein plettfri spegel, Maria. Den vesle Therese seier det på sin måte."Du kommer aldri til å elske henne tilstrekkelig - og Jesus kommer til å bli meget tilfreds ettersom Den hellig Jomfru er hans mor."
Maria-vørdnaden er naturlegvis ikkje avgrensa korkje til Karmel spesielt eller Kyrkja generelt. Overraskande nok har Maria alltid hatt ein sentral plass i muslimsk folkereligiøsitet. Både kristne og muslimar i Midt-Austen har oppsøkt Maria-heilagdomar, og har hatt visjonar av Maria. Muslimske kvinner har til alle tider påkalla Maria i samband med svangerskap og fødsel (kanhende har erfaringa vist at det hjelper ?)
Og kanskje har ho heller ikkje heilt tapt sin plass i det protestantiske og sekulære Skandinavia ?
På ny vert eg overraska når eg finn spor etter henne hos ein norsk poet som Jakob Sande (1906-67).
Vanlegvis vert han ikkje oppfatta som ein spesielt religiøs forfattar, mange av dikta er groteske og makabre på grensa til det blasfemiske. Men han skreiv og den vakre julesongen "Det lyser i stille grender", og det mystisk-ekstatiske diktet "Då Gud held fest i Fjaler". Så dukkar det brått opp eit vakkert Maria-dikt (bøn ?) i den siste diktsamlinga "Det kveldar på Kobbeskjer". Diktet har tittelen
"Moder Maria Møy " og lyder lik:
"Vigde til moderkransen
i kjærleik til liv som gror
strålar i himmelglansen
Madonna og dyremor.
Her finst det ingen skilje,
Skaparens under skjer.
Inn for hans allmaktsvilje
livet om nåde ber.
Alle for liv er like,
livet skal aldri døy.
Be for oss i ditt rike
Moder Maria Møy !"
Maria ikon frå 1300 talet, St. Katarina klosteret, Sinai.
tirsdag 30. desember 2014
søndag 21. desember 2014
Novene til Jesusbarnet
"Nos cum Prole pia benedicat Virgo Maria!" (Med ditt milde barn - velsign oss, Jomfru Maria)
I ni dagar (novene) før høgtidsdagar ber vi dagleg ei bøn med tekstar som peikar fram mot det vi skal feira. Det kan vera ein av dei store høgtidene eller førebuing til ein helgenfest slik vi nyleg feira minne om Den heilage Johannes av Korset. I desse dagar er det ni dagar med "Novene til Jesusbarnet".
Teksten som innleiar 6. dag:
"Å høyt elskede vesle Barn,
mitt hjerte fylles med fryd når eg betrakter deg
som holder hele verden i din hånd.
Blant de uttalige skapninger som du har i din hånd,
er jeg en av dem.
Du ser på meg, bærer meg i hver en stund,
og verner meg som din egen.
Å Jesus, våk over meg, din ringe skapning,
og hjelp meg i all min nød."
Jesusbarnet i Praha ( Prazske Jezulatko - Il Bambino di Praga) er ein liten voksfigur av Jesusbarnet som vi finn i karmelittkyrkja "Vår Frue av sigeren" på Mala Strana.
I følgje tradisjonen skal figuren ha tilhøyrt Teresa av Avila, og blei henta frå Spania i 1628 og gjeve til Karmelittordenen. Då den svenske hæren inntok byen i 1631 vart kyrkja plyndra og voksstatua kasta ut. Fr.Cyril OCD skal eit par år seinare under bøn i kyrkja ha høyrt ei barnestemme som sa: "Dess større ære de viser meg, dess større velsigning vil eg gje dykk."
Jesusbarnet fekk tilbake sin rettmessige plass, og dessutan ny armar som erstatning for dei som vart øydelagt av svenskane. Då den svenske hæren på ny ville innta byen i 1639 tok dei skrekkslagne innbyggjarane si tilflukt til Jesusbarnet og byen vart spart. Også fleire andre mirakel skal ha blitt tilskreve denne knapt halvmeter store voksfiguren av Jesusbarnet med jordkloden i si venstre hand.

lørdag 20. desember 2014
In the Bleak Midwinter
England har ein rik tradisjon med dyktige songkor som ikkje minst i førjulstida får utfalda seg. Ein av dei vakraste engelske julesongane er "In the Bleak Midwinter." Teksten er av ein ukjent attenhundretalls poet Christina Rosetti, og vart først publisert i 1904 etter hennar død. Teksten vart tidleg tonesatt og blei ein del "The English Hymnal" i 1906, og etter kvart vart dette ein av dei mest populære engelske julesongane. Sjølv om fleire komponistar har sett musikk til denne vakre teksten, er det utan tvil Gustav Holst sin versjon som har blitt mest populær og som dei fleste forbind med "In the Bleak Midwinter".
Her i " Choir of Kings College" ved Cambridge sin versjon:
https://www.youtube.com/watch?v=U0aL9rKJPr4
"In the bleak mid-winter
Frosty wind made moan,
Earth stood hard as iron,
Water like a stone;
Snow had fallen, snow on snow,
Snow on snow,
In the bleak mid-winter
Long ago.
Our God, Heaven cannot hold Him
Nor earth sustain;
Heaven and earth shall flee away
When He comes to reign:
In the bleak mid-winter
A stable-place sufficed
The Lord God Almighty,
Jesus Christ.
Enough for Him, whom cherubim
Worship night and day,
A breastful of milk,
And a mangerful of hay;
Enough for Him, whom angels
Fall down before,
The ox and ass and camel
Which adore.
Angels and archangels
May have gathered there,
Cherubim and seraphim
Thronged the air -
But only His mother
In her maiden bliss
Worshipped the Beloved
With a kiss.
What can I give Him,
Poor as I am?
If I were a shepherd
I would bring a lamb;
If I were a wise man
I would do my part;
Yet what I can, I give Him -
Give my heart."

torsdag 18. desember 2014
Mille cherubini in coro
På ei juleplate med tenoren Luciano Pavarotti innspelt i 1976 fann eg denne songen med melodi av Scubert og arrangement av Alois Melichar. Det er meir ein voggesong enn ein julesong, men passar likevel så fint når vi no nærmar oss julehøgtida. Så vakkert, både tekst og melodi !
"Mille cherubini in coro
ti sorridono dal ciel.
Una dolce canzone
t`accarezza il crin.
Una man ti guida lieve
fra le nuovele d`or,
sognando e vegliando
per te, mio tesor,
proteggendo il tuo cammin.
Dormi, dormi, sogna, piccolo amor mio.
Dormi, sogna, posa il capo sul mio cor.
Chiudi gli occhi, ascolta gli angioletti,
dormi, dormi, sogna, piccolo amor
Chiudi gli occhi .........."
(Eit kor av tusen kjerubar
smiler til deg frå himmelen.
Ein vakker song
kjærteiknar andletet ditt.
Ei hand leiar deg varleg
gjennom skyer av gull
drøymer og held vakt
over deg , min skatt,
vernar deg på livets veg.
Sov, sov, drøym, min kjære vesle.
Sov, drøym, kvil hovudet mot hjatra mitt.
Lat att augo, lytt til dei små englane,
sov, sov, drøym, min kjære vesle
Lat att augo................)
https://www.youtube.com/watch?v=MrJihqdhoBc

mandag 15. desember 2014
Den salige Mariam Baouardy - Palestinas lilje
9.desember offentleggjorde Vatikanet tre nye helgenar, ein av dei var Den salige Mariam (Maria)
Baouardy(1846 -1875), karmelittnonne og mystiker. Ho er og kjent under sitt klosternavnet i Karmel, Soeur Marie de Jesus Crucifie (Maria av den krossfesta Kristus), hennar medsøstre kalla henne " den vesle arabiske", i heimbyen Abellin går ho under navnet "Al Qiddisa" - den heilage. Ofte har ho blitt referert til som "Palestinas lilje", sjølv sa ho at ho var "ei lita søster for alle."
Mariam vart saligkåra i 1983 av pave Johannes Paul, minnedagen er dødsdagen hennar 26. august.
Historia om Mariam er fantastisk og har mange fellestrekk med oldkyrkjas helgenar.
Mariam vart fødd i landsbyen Abellin i Palestina i 1846, foreldrene var katolske kristne palestinarar, men med gresk-melkittisk liturgisk ritus. Før Mariam vart fødd hadde foreldrene mista 12 born (!) i spebarnsalder, nedtyngde i sorg drog dei på pilegrimsreise til fødselsgrotta i Betlehem for å be om Jomfru Marias forbøn. Det hjelpte tydeligvis, for både Mariam og broren som vart fødd ei stund etter vaks opp. Men begge foreldrene døydde då ho var tre år, og både ho og broren vart sett bort til slektningar. Mariam kom til ein onkel som tok seg vel av henne, og ho følgde med han til Alexandria i Egypt. Ho var eit fromt barn og hadde alt tidleg syner og ekstatiske visjonar, så då onkelen ville gifta henne bort til ein slektning reagerte ho sterkt. Det kom til konfrontasjon med onkelen, og Mariam vart strengt straffa. Ein tenar tilbaud seg å hjelpa henne, men hadde ein baktanke nemleg å omvenda henne til islam. Mariam skal då ha sagt:"Muslim, aldri ! Eg er ei dotter av Den katolske kyrkja. Ved Guds nåde vonar eg inntil døden å halda fast ved min religion som er den einaste sanne !" Tenaren reagerte med raseri og prøvde å skjera over strupen på Mariam for deretter å kasta henne døyande ut på gata. Det er no det mirakuløse i Mariams liv tek til. Ho skal ha vakna opp i ei grotte der ei blåkledd kvinne tok seg av henne til ho hadde friskna til igjen, Mariam er overtydd om at kvinna er Jomfru Maria. Etter kvart kjem ho seg på ei skip til Palestina og via Jaffa kjem ho seg til Jerusalem, der ho møter ein ung mann som ho seinare skal møta igjen og for Mariam er han eit sendebod frå Gud, ein engel. I Beirut får ho arbeid som tenestejente hos ein europeisk familie og føl med dei til Marseille. I Marseille søkjer Mariam seg til St.Josephs søstrene, og vart teke opp som novise. På denne tida pregar det mystisk-ekstatiske meir og meir Mariams liv, ho har stadige visjonar av "den andre sida" og får etter kvart Kristi sårmerke, stigmata, og opplever levitasjonar! St.Josephs søstrene meiner ho passar betre i eit kontemplativt kloster, og i 1867 kjem ho til Karmel i Pau saman med Sr.Veronica, ei engelsk nonne som har hatt ansvaret for hennar novisiat hos St.Joseph søstrene.
Mariam forstår no Marias ord til henne: " Du skal bli eit barn av St.Joseph, før du blir St. Teresas dotter."
I 1870 reiser Mariam til Bengalore i India for å grunnleggja eit karmelkloster der. I Bengalore avgjev ho sine evige løfter i 1871, men må kort tid etter dra tilbake til Frankrike på grunn av dårleg helse.
I 1875 reiser ho saman med åtte andre søstre til Betlehem for å grunnleggja eit kloster der, noko dei lukkast med. Mariams draum er og eit karmelkloster i Nasaret, noko ho ikkje får oppleva.
Fysisk utslitt og nedbroten etter alt ho har vore igjennom døyr ho i Betlehem i 1878, 32 år gammal.
Mariams spiritualitet er naturlegvis sterkt fokusert på Jomfru Maria, både som eit resultat av hennar eigne erfaringar, og den sentrale plassen Maria har i Karmel. Men ho har og eit anna viktig fokus, nemleg bøn og andakt retta mot Den heilage Ande. Ho skriv til og med eit brev til pave Pius IX der ho ber om at Kyrkja må verta meir fokusert på Den heilage Ande. Ho får ikkje noko formelt svar, men få år seinare kjem paven med ein encyklika som tek opp akkurat dette. Eit resultat av Mariams bøner ?
Etter sin død fekk ho snart ry som ei heilag kvinne, og no skal ho snart formelt bli ein del av Kyrkjas helgenskare. Ei palestinsk kvinne oppvaksen i nærleiken av Karmel berget, jaga og mishandla for si tru, som så finn sin plass i Karmelordenen og er med på å grunnleggja kloster i heimlandet ! I desse tider med aukande forfølgjing av kristne i Midt-Austen er det neppe tilfeldig !
Det er grunn til stor takksemd for dette !

Den salige Mariam - Palestinas lilje- Al Qiddisa - Ei lita søster for alle
Be for oss!
lørdag 13. desember 2014
14. desember:Minnedagen for Johannes av Korset
Midt i Adventstida feirar vi igjen minnedagen for Juan de la Cruz (1542 -91) på norskJohannes av Korset, ikkje bare Karmels men heile Kyrkjas store teolog, kyrkjelærar, mystikar, forbedar og inspirator.
I ni dagar før minnedagen blir det dagleg bedt ein såkalla novene til Johannes innleia med "Bli hos meg og våk i min natt,be og vær våkne, be og vær våkne." Deretter følgjer tekstar frå "Cantico espiritual"(Åndelig sang)
"Cantico espiritual" er eit dikt på 40 strofer som i poesiens språk omhandlar sjela som søkjer sin Gud. Johannes har så skreve utførlege kommentarar til kvar strofe.
Eg tek med første verset og litt av Johannes kommentar:
"Hvor har du skjult deg, Elskede,
hvorfor har du etterlatt meg klagende her,
du flyktet som hjorten
etter å ha såret meg.
Jeg løp ropende ut etter deg, men du var borte."
"Sjelen sier så: og hvorfor har du etterlatt meg klagende her ? Dette viser at den Elskedes fravær forårsaker en stadig klagen hos den elskende, for utenom ham elsker den ingenting, og finner verken hvile eller lindring i noe annet. Slik kjenner man igjen mennesket som virklig elsker Gud: Det nøyer seg ikkje med noe mindre enn ham. Men kva er det jeg sier ? Nøye seg ?
Selv om det eier alt er det ikke fornøyd, det er snarere slik at jo mer man har, jo mer utilfreds blir man, for hjertets tilfredstillelse ligger ikke i å eie ting, men i å være frigjort fra dem, og i åndens fattigdom.
Og fordi den fullkomne kjærlighet utgjøres av dette og innebærer at man ved en helt spesiell og indelig nåde eier Gud, lever sjelen som har oppnådd denne fullkommnehet med en viss, om ikke fullstendig tilfredshet i dette livet. Til og med David, med all sin fullkommenhet ventet ikkje å bli mettet før i himmelen: Når din herlighet åpenbares, skal eg mettes.(Salme 17,15)"

Ikon av Johannes av Korset som blir inspirert av Den heilage Ande.
mandag 8. desember 2014
Marias upletta unnfanging
8.desember, vi feirar minnedagen for Marias upletta unnfanging. Sjølv om dette var ei utbreidd oppfatning like frå oldkyrkja vart det først gjort til eit dogme i 1854. Naturlegvis heng dette nøye saman med og kan ikkje sjåast isolert frå det som skal koma, engelens bod til Maria og Ordet som dermed vart menneske.
Erkebiskop Anselm av Canterbury skriv: " Gud er altså far til alt som er skapt, og Maria er mor til alt som er gjenskapt. Gud er Faderen og alt er blitt til ved ham, Maria er mor til alt som er gjenreist. For Gud gav liv til Sønnen, og ved Sønnen er alt blitt skapt. Maria fødte Sønnen, og ved ham er alt blitt frelst. Gud gav liv til Sønnen, og absolutt intet er godt uten ved Sønnen. Maria fødte Sønnen, og absolutt intet er godt uten ved Sønnen. Ja, Herren er i sannhet med deg, for Herren gav deg en slik gave at hele naturen skylder å takke deg, deg og ham."
Frå Advent til Kyndelsmess syng vi Maria- antifonen Alma Redemptoris. Den vart sannsynlegvis skreve på første halvdel av 1000 talet og har seinare fått stor utbreiing i Kyrkja om enn ikkje så kjent og elska som Salve Regina som vi syng frå pinse til advent og som langt fleire komponistar har sett tone til.
"Alma Redemptoris Mater, quæ pervia cæli Porta manes, et stella maris, succurre cadenti, Surgere qui curat, populo: tu quæ genuisti, Natura mirante, tuum sanctum Genitorem Virgo prius ac posterius, Gabrielis ab ore Sumens illud Ave, peccatorum miserere."
( Frelserens Moder, du milde,
som er og som alltid skal være
himmelens herlige port
og havets lysende stjerne.
Oppreis ditt folk når det faller
fra svakhet hjelp oss til seier.
Du som til skapningens undring
i tiden fødte din Skaper
reneste Jomfru du var og forble
mens dette under deg skjedde,
slik det ble sagt deg av englemunn
ved det frelsebringende Ave.
Hellige Jomfru og Moder,
be for oss syndere.Amen.)
Erkebiskop Anselm av Canterbury skriv: " Gud er altså far til alt som er skapt, og Maria er mor til alt som er gjenskapt. Gud er Faderen og alt er blitt til ved ham, Maria er mor til alt som er gjenreist. For Gud gav liv til Sønnen, og ved Sønnen er alt blitt skapt. Maria fødte Sønnen, og ved ham er alt blitt frelst. Gud gav liv til Sønnen, og absolutt intet er godt uten ved Sønnen. Maria fødte Sønnen, og absolutt intet er godt uten ved Sønnen. Ja, Herren er i sannhet med deg, for Herren gav deg en slik gave at hele naturen skylder å takke deg, deg og ham."
Frå Advent til Kyndelsmess syng vi Maria- antifonen Alma Redemptoris. Den vart sannsynlegvis skreve på første halvdel av 1000 talet og har seinare fått stor utbreiing i Kyrkja om enn ikkje så kjent og elska som Salve Regina som vi syng frå pinse til advent og som langt fleire komponistar har sett tone til.
( Frelserens Moder, du milde,
som er og som alltid skal være
himmelens herlige port
og havets lysende stjerne.
Oppreis ditt folk når det faller
fra svakhet hjelp oss til seier.
Du som til skapningens undring
i tiden fødte din Skaper
reneste Jomfru du var og forble
mens dette under deg skjedde,
slik det ble sagt deg av englemunn
ved det frelsebringende Ave.
Hellige Jomfru og Moder,
be for oss syndere.Amen.)
Di Cosimos framstilling av Marias upletta unnfanging 1505.
søndag 7. desember 2014
Jesaja - Adventstidas profet
"En kvist skal skyta opp frå Isaias stubbe, eit skot skal spira fram frå hans røter." (Jes 11,1)
Jesaja er adventstidas profet framfor nokon, kvar dag les vi i dagens første tidbøn tekstar frå Jesajas profetiar om den frelsa som snart skal koma. Teologisk blir det diskutert om ein eller fleire forfattarar er opphavet til desse tekstane, det er i og for seg ikkje så viktig når tematikken er den same, frelsa og forløysinga som skal bli folket til del. Det er vel stort sett semje om at profeten Jesaja levde på 700 talet før Kristus og er forfattaren til dei førti første kapittela. Her finn vi og dei kjente tekstane som peikar fram mot julehøgtida og Krist kome til jorda.
"For it barn er oss fødd, ein son er oss gjeven. Herreveldet er lagt på hans skulder. Han har fått namnet Underfull rådgjevar, Veldig Gud, Evig far, Fredsfyrste." (Jes 9,6)
"Difor skal Herren sjølv gje dykk eit teikn: Sjå, den unge jenta(jomfru) skal bli med barn og føda ein son, og ho skal gje han namnet Immanuel. Rømme og honning skal han eta til han forstår å forkasta det vonde og velja det gode."
I kapittel 53 finn vi så dei orda som peikar fram mot påskehøgtida:
"Men han vart såra for våre brot, knust for våre synder. Straffa låg på han, vi fekk fred, ved hans sår vart vi lekte."
Profeten Jesaja. Russisk ikon.
I kapittel 45 vers åtte finn vi innleiingteksten til Rorate som vert sunge til morgonmessa i Adventstida.
"Lat det drypa ovanfrå du himmel ! Rettferd skal strøyma frå skyene. Jorda skal opna seg, og gje frelse som frukt og la rettferd spira. Eg, Herren skaper dette."
(Rorate coeli desuper et nubes pluant justum. Aperiatur terra et germinet salvatorem.)

onsdag 3. desember 2014
Abonner på:
Innlegg (Atom)