mandag 6. januar 2025

Epifani

 I dag 6.januar feirar vi Epifani - Heilage trekongersdag - Herrens openberring. Vi minnest dei tre vise menn - magi som kom frå Austerland til Bethlehem vegleia av stjerna. Det står ikkje noko i evangeliet  om at dei er tre, men ein har antatt det i og med at dei kom med tre gåver til Jesusbarnet : gull, røykelse og myrra. Kyrkjefaren Ireneus tolka gåvene allegorisk, gullet symboliserar  Kristi som konge, røykelse viste til Kristus som Gud som vi tilber, myrra som vart nytta til å salva dei døde varslar om Kristi offerdød og vår frelse.

Etter legenden fekk dei tre vismennene navna Casper, Melchior og Balthasar. Ein var ung,ein middelaldrande og ein gammal, dei kom frå Europa, Asia og Afrika. Slik blir dei symbol for alle menneske som kjem for å tilbe Jesusbarnet.

Ein gammal tradisjon er at prestane gjekk frå hus til hus og velsigna folks heimar. Det var vanleg å skriva med kritt over inngangsdøra, i dag får vi velsigna klistrelappar som vi tek med heim og plasserar over døra!

20*C+M+B+25

Det kan stå for første bokstav i navnet til dei tre vise menn som ein huskeregel, men tyder eigentleg : 

Christus Mansionem Benedicat. ( Kristus velsigna din heim)




søndag 5. januar 2025

Under ditt vern

 Første nyttårsdag og eit nytt år 2025. Vi feirar Maria - Guds Mor !


Under ditt vern

Snu timer snu dager

trø så på brunt lauv og tørre kvister

men ingen spor i nysnøen

året vender likevel

og alt tek til på nytt

du vender kalenderbladet

og ser lyset i barnets blikk.

Gå roleg no i mørke, vind og regn.

Gå trygt no, utan uro, utan svar

for ditt ja er vårt vern.

Di kappe over avgrunnar

med sikker fot langs

veg og steinut sti.