søndag 13. oktober 2024

Det förflutnas ständiga närvaro

«Det förflutnas ständiga närvaro», eg liker denne svenske formuleringa om fortida som fortset å vera til stades i liva våre, det gjeld ikkje berre Modianos liv og litteratur, men naturligvis oss alle.Det gjeld ikkje minst meg sjølv  denne dagen søndag 13.oktober. Eg går nøyaktig fem år tilbake, det var også ein søndag 13.oktober 2019, ein dag som vi minnest som heilt unik! Både inngongen og utgongen av dette livet kom ekstra tett på oss i det barnebarn/oldebarn Mathilde vart fødd omlag samstundes som far/bestefar/ oldefar døydde godt over 97 år gammal og mett av dage. Han hadde vore skrøpelig og prega av aldersdemens i lang tid og det var forventa då han sovna roleg inn på Rosendalstunet. Denne dagen vart heilt spesiell,både emosjonelt og eksistensielt, men det opplevdes godt og meiningsfullt.Livets inngong og utgong er omslutta av noko større, Guds omsorg i dette livet og i det neste. På gravsteinen har vi sitert Salme 121: «Herren skal vara din utgang og din inngang frå no og til evig tid.»

Men 13.oktober er og dagen min farfar vart fødd i Horsens i 1873, på hans førtiårsdag døyr hans andre kone Hanna ,13. oktober 1913.Dei er berre gravlagt der min far ligg på bilete under.


Kyrkjegarden ved Kvinnherad kyrkje der både min far og besteforeldre er gravlagt.

Malmanger i Rosendal 1908.Min bestefar kom til bygda 1899 og har enno ikkje bygd huset som i dag ligg til høgre på den nedre tredjedelen av biletet.

Rosendal omlag 1930, huset min bestefar bygde eit tiår tidlegare ligg nede til venstre.


lørdag 12. oktober 2024

Gater i mørke - Om Patrick Modiano

 Eg har tidlegare skreve om den franske forfattaren Patrick Modiano og hans bøker, og igjen vender eg tilbake til hans liv og litteratur. Eg har byrja på hans mest sjølvbiografiske nok, «Un Pedigree» (Ei stamtavle) og som sekundær litteratur svenske Per Arne Tjäders analyse av Modianos bøker i «Gare d’Austerlitz». Tjäder byrjar og sluttar med referansar til sjøvbiografien. Innleiingvis ei brevveksling mellom Patrick og faren italiensk - jødiske Alberto Mondiano frå midten av sekstitalet. Breva understrekar det kompliserte forholdet i faren, og ein barndom prega av fråver og tap. Foreldrene kjørte sine løp og var i liten grad til stades i livet hans, men det mest traumatiske var likevel utan tvil tapet av broren Rudy som døydde av leukemi 10 år gammal. Det er sterkt å lesa hans skildring av då faren og onkelen kjem med beskjed om at Rudy er død, broren som han leika med sist helg uvitande om det som snart skulle skje. Sjølv om det bare er «Un Pedigree» som er eksplisitt sjølvbiografisk er det sjølvbiografiske trekk i alle hans romanar, både tapet av broren, den kompliserte ungdomstida og ikkje minst foreldrenes liv under den tyske okkupasjonen før han vart fødd i 1945. Han har gjeve uttrykk for ei oppleving av minnet som går tilbake frå før fødselen, foreldrenes opplevingar er alt innprenta i han. Men minnet er ein svikefull ven i Modianos bøker, kva er sant, kva er fantasi eller minne forandra av ettertidas opplevingar?

Så opnar det seg ei ny verd frå slutten av sekstitalet. Han debuterar i 1968 med romanen « La place d’Étoile» som kjem ut på det prestisjefylte forlaget Gallimard. Boka har naturleg nok tematikk frå okkupasjonsåra med fokus på jødisk identitet og lagnad. På  denne tida opplevde Paris det såkalla studentopprøret. Aldersmessig var han nok ein sekstiåttar men hans tematikk var fjernt frå den dagsaktuelle politikken.«Le temps, le passé, la mémoire» (Tida, fortida, minnet) er mine sentrale tema skriv han mange år seinare.

Å fullføra den første romanen var utan tvil eit stort løft for den unge Modiano,« Un Pedigree» avsluttar med at han har sett sine nygifte vener Roger og Chantal vel avstad og han tenkjer:« Den kvelden kjente eg meg lett om hjertet for første gong i livet mitt.Det tunge trugsmålet som har hengt over meg alle desse åra, og som alltid tvinga meg til å vera på vakt, det hadde løyst seg opp i den parisiske vårlufta.Eg hadde klart meg over på den andre sida. Det var på tide.»