I går 17. mars var St. Patricks dag til minne om Irlands apostel og skytshelgen som levde på 400 talet. Han har vore så viktig for Iralnd at det og er landets nasjonaldag. Han skal ha blitt fødd i England, han skal ha blitt bortført av sjørøvarar og seld som slave i Irland . Han skal som vaksen ha kome seg til Gallia og blitt utdanna til prest og prestevigd. Rundt 430 vendt han tilbake til Irland som misjonær. Han oppretat fleire bispesete, bispesete i Armagh er framleis Iralnds kyrkjelege hovudstad. To legendar knytta til St. Patrick er særleg kjent, han skal ha forvist alle slangar frå Irland, og han skal ha brukt trekløveret for å forklara Treeininga. Trekløveret ( Shamrock) er eit irsk nasjonalsymbol. St. Patricks blir naturlegvis markert i Irland men kanskje vel så sterkt i det katolske USA. Katedralen i New york har navn etter St. Patrick. I år vart det gjort eit poeng av at dagen fall på ein fredag i fastetida og sånn sett er gode katolikkar forplikta til å avstå frå kjøt. Mange biskopar gjorde unntak frå denne regelen !
Irland er ved sida av Polen rekna som Europas mest katoslke land. I 1975 gjekk over 90 % av irske katolikkat til messe kvar veke. I dag er det berre Nigeria som kan visa til tilsvarande tal for aktive katolikkar. Kyrkjesøknaden til irske katolikkar har seinare gått drastisk ned og berre 30% går no til messe regelmessig ( dette er likevel langt over norsk protestantisk kyrkjesøknad). Talet på prestekall har og gått drastisk ned. Det er fleire grunnar til dette, naturlegvis den generell sekulariseringa i alle vestlege land, men for Iralnd har nok ein sterk klerikalisme fått mange til å venda Kyrkja ryggen. Dei mange overgrepsskandalane i landet har utan tvil og gjort til at mange har vorte negative til Kyrkja!
Kanskje er dette ein rensingsprosess Kyrkja må gå igjennom, der det og er mange lyspunkt. Biskop Alphonus Cullina i Waterford seier det slik : " I see tremendous hope actually. I see little pockets of light all over the country. I see the Church as existing in small but wonderful vibrant, loving pockets all around the place, like little candles, right around the country. And someday they`re going to light a big fire."
Sjølv om talet på prestekandidatar har gått ned, er det også her lyspunkt. Dominikanarordenen har til dømes ei rekkje nye kall. Det har gått opp og ned i Kyrkjas historie, men vi har Kristi ord for at det gode vil sigra til slutt !