Går det an å bli forfattar med eit anna språk enn morsmålet? Eller vil ein for alltid vera ein slags analfabet slik den ungarnsk- franske forfattaren Agota Kristof ( 1935 - 2011) uttrykkjer det. Samuel Beckett klarte det, og Milan Kundera! For begge glei det franske språket tilsynelatande så lett og uanstrengt ( rett nok skreiv Kundera dei første bøkene på tsjekkisk og fekk dei oversatt til fransk, men etterkvart tileigna han seg det franske språket betre og betre).Ungarnske Agota Kristof kjem som flyktning til fransk talande Sveits i 1956 og slit med språket. Ho som lærte å lesa som fireåring og leste alt ho kom over, kjenner seg brått som ein analfabet.
“ Jeg vet at jeg aldri vil skrive fransk slik som forfatterne som er født franske, men jeg skal skrive det slik jeg kan, som best jeg kan. Jeg har ikke valgt dette språket. Det ble påtvunget meg av skjebnen, av tilfeldighetene, av omstendighetene. Å skrive på fransk er noe jeg er nødt til. Det er en utfordring. En analfabets utfordring.
Ho klarer seg likevel bra, ho lærer å tala fransk, det går seinare å læra å lesa og skriva, men også det går seg til og ho skriv tekstar som blir publisert. Hennar gjennombrot kjem med” Tvillingenes dagbok” som kjem i mange opplag og vert omsett til ei rekkje språk. Likevel føl denne kjensla av å vera analfabet henne. Hennar vesle sjølvbiografi får også tittelen : L´Analphabete - Analfabeten.Er det avdi morsmålet går tapt, og eit anna språk tek plassen som morsmålet skulle hatt. Er morsmålet så tett knytta til heile vår identitet som menneske?
“ Jeg har snakket fransk i over tretti år, jeg har skrevet det i tjue, men jeg kan det fortsatt ikke. Jeg snakker ikke feilfritt, og jeg kan bare skrive det ved hjelp av ordbøker som jeg slår opp i stadig vekk.
Det er derfor jeg også kaller fransk et fiendespråk. Det er enda en grunn til det, og det er den alvorligste:Dette språket er i ferd med å ta livet av morsmålet mitt.”
Agota Kristof kom som flyktning frå ei europeisk land i ei tid der det ikkje var stor pågang av flyktningar til europeiske land. Ho vart teke vel imot, fekk jobb, bustad og barnehageplass nesten med det same. Seinare gjorde ho karriere som forfattar, og må ytre sett ha klart seg svært bra. Dei fleste av dagens flyktningar har det langt vanskelegare, men ho set likevel på noko som må vera ei felles oppleving når ein blir reve opp frå det kjente og tvinga inn i ein ny røyndom, ein ny identitet, eit nytt språk. Det blir ei slags sorgkjensle som føl ein vidare i livet slik det gjorde for Agota Krystof.