1. Rose Ausländer (1901 – 88) Det er blitt spørsmål om det går an å skriva poesi etter Holocaust. Må ein i så fall pressa språk og symbol mot ei yttergrense slik desse tre gjer ? Rosa Ausländer, den vel minst kjende av desse tre, kom frå Czernowitz i Bukovina, no ein del av Ukraina. Ho var som Paul Celan tyskspråkleg jøde, dei kjente kvarandre og hadde også kontakt etter krigen. Ho reiste som ung til USA, men kom tilbake i 1939 for å ta seg av mora og mot alle odds overlevde dei. Etter krigen reiste ho kvilelaust rundt i Europa og USA, heile tida produsert ho dikt om Holocaust, om barndomen, om Bukovina - bøkeskoglandet – firespråkslandet med sin jødiske kultur, både tysk og jiddisch, som er borte, utsletta for alltid.
2. Paul Celan (1920- 70) Paul Celan (Opprinneleg Paul Antschel) er ein av dei store i europeisk litteratur. I år er det hundre år sidan han vart fødd i Czernowitz i Bukovina - bøkeskoglandet. Det blir markert med ei nyutgjeving av Øyvind Bergs gjendikting av Celans poesi. Paul Celan overlevde ghetto og arbeidsleir, det gjorde ikkje foreldrene som han var sterkt knytt til. Etter krigen budde han i Paris, og livnærte seg som lærar, omsetjar og forfattar. Holocaust kom til å prega både livet og poesien hans. Det er ei grunnstemning av død og mørke i alt han skriv. Det meiningslause let seg ikkje skildra så lett, og språket blir meir og meir fortetta og mangetydig. I 1970 blir mørket djupare enn han kan bera. Olav H. Hauge skriv om Celan: « Ved gluggen din sat berre du, - augo svart diamant, hjarta ein blodstein.»
3. Nelly Sachs ( 1891- 1970) Nelly Sachs var også tyskspråkleg jøde. Ho kom frå ein velståande, assimilert jødisk familie i Berlin. Ho skreiv si første bok i 1921, og fekk den sjokkarta opplevinga å sjå sine bøker på nazistanes bokbål. Takka vera Selma Lagerlöf og prins Eugen kom ho og mora til Sverige i 1940, og slapp dermed unna gasskammeret med eit naudskrik . Frå 1950 talet kjem den ein jamn straum av diktsamlingar, og i 1966 vart ho heidra med Nobelprisen. Tematikken kretsar om jødisk historie, religion og mystikk, og som i eit av hennar mest kjende dikt :«Israels kropp i röken gjennom luften». Ho sleit psykisk, men skreiv like til ho døydde som ei gammal kvinne. Året etter kom hennar siste diktsamling « Öppna dig natt», der ho framstår som meir forsona med tilveret.