Eg har fleire gonger tidlegare skreve om lyrikaren Arnold Eidslott, ein av dei store i nyare norsk lyrikk. Han døydde 19.april snart 92 år gammal. Han debuterte i 1953 med diktsamlinga "Vinden taler til den døve", den siste diktsamlinga med den talande tittelen "Postludium" kom i 2012. Han skreiv etter det og så kanskje kjem det enno ei bok posthumt?
Arnold Eidslott var modernist, men hans tema var henta frå den store europeiske tradisjonen og alt var gjennomsyra av hans kristne livssyn. Han skreiv på inspirasjon slik han skildrar i eit av dei mest kjente dikta:
Et dikt er en rystelse
En vindrosse i blodet
Hvor kommer vinden fra
Skriv og vær lydig
Ingen kjenner strømmene
i luften og i havet
Et dikt er en ensomhet
Et bål på tundraen
En albatross i stuen
Uventet inn fra havet
Dei bibelske tema vender han stadig tilbake, dessutan historien både den velse individuelle hitorien og dei store verdshistoriske hendingane. Dette knyter han ofte saman på ein meiningsfull måte. Og så er slekta, barndomen , livet og døden der som ein undertone slik som i Adagio:
Min barndom kommer tilbake
langt borte fra
med muslinger og måker
på den grå kyst
og havets lange klage
og husene av tømmer og de gamle
menn ved garnet og søvnen
under det salte gress
Fred over hans minne , han som gav oss så mykje !
I 2016 kom eit utvalg av dikta hans redigert av barnebarnet Eivind Eidslott.
mandag 23. april 2018
søndag 8. april 2018
Din stund på jorden
Den svenske forfattren Wilhelm Moberg ( 1898-1973) er vel mest kjent for romanserien om dei svenske utvandrarane til Amerika på 1800 talet som seinare vart filmatisert med Liv Ullmann og Max von Sydow i hovudrollene. Ei av dei siste bøkene hans var "Din stund på jorden" som og er filmatisert. Her handlar det og om eit utvandrar, den aldrande svensk-amerikananren Albert Carlson som sit åleine på eit hotellrom ved Stillehavskysten i 1962 og ser tilbake på livet sitt. Det er eit liv der han aldri oppnådde det han ønskte, han har alltid følt seg heimlaus og livet har ikkje gjeve den meininga han søkte. Barndomen i Sverige ser han i eit idyllisk lys inntil den dagen storebroren Sigfrid som han er sterkt knytt til, døyr. Minnet om broren som for alltid er 19 år, føl han resten av livet, og han vender stadig tilbake til det. Den døyande broren sier ein gong til han: " Ta vare på ditt liv ! Skusle det ikke bort! For nå er din stund på jorden!" Men det er det den aldrande Albert føler han har gjort. Han forlet barndomsheim og foreldrenes vonbrot, to mislukka ekteskap, lite kontakt med dei to sønene, eit yrkesliv som forretningsmann sjølv om det var ein akademisk karriere som historikar han drøymde om.
Eg les boka om igjen og det gjer like sterkt inntrykk som då ho gjekk som opplesing på NRK for over førti år sidan. Det er ein djup eksistensiell smerte i Mobergs tekst, men det er og ein positiv apell: bruk livet ditt, kast det ikkje bort! På slutten opplever Albert Carlson å forsonast med tilveret slik han vart forsona med den døyande faren mange år tidlegare.
"Og freden senker seg i min sjel: Også din tid er snart forbi. Men ingenting betyr noen ting når også dette som du i kveld hører og ser, en gang er forgått. Deretter finnes det intet som har betydning for deg. Du er ved begynnelsen, du er ved enden. Og for deg finnes det ingen begynnelse og ingen ende. I den forvissningen kan du være trygg. Her har du din trygghet."
Ein annan stor svensk diktar Pär Lagerkvist skriv og om dette:
"Engång skal du vara en av dem som levat för längesen.
Jorden skal minnas dig så som den minns gräset och skogarna,
det multnande lövet.
Så som myllan minns
och så som bergen minns vindarna.
Din frid skal vara oändlig så som havet."
Det er perspektivet som ikkje reknar med noko meir etter dette korte livet, og kanskje kan det moderne mennesket slå seg til ro med det eller kanskje ikkje ?
"Med Sigrids død slutter min barndom." seier Alberte Carlson ein stad i boka. Likevel tek barndomen aldri slutt, det er dette mysterie-landet som ligg under alt anna ein opplever seinare i livet. Smertefullt eller godt, men alltid sterke sanseinntrykka som når han skildrar den første forelskinga, uløyseleg knytta til vår og lukta av poplar. Kanskje er det og det siste ein ser når kvelden lukkar seg for siste gong? Jon Fosse skriv om det i diktsamlinga "Poesiar etter Henrik Wergeland":
Å HAN SMILER
han ser på huset
der han voks opp
slik det stod
då han forlet det som gut
dei same pærene på trea
og sjela hans er atter barn
i det han døyr

mandag 2. april 2018
Påskemorgen slukker sorgen
Den kanskje mest kjente og kjære påskesalmen er Gruntvigs "Påskemorgen slukker sorgen" frå 1843 med melodi av Ludvig Lindemann . Den innleia påskedags og andre påskedags messer og oppsummerar påskebodskapen på ein vakker måte.
1Påskemorgen / slukker sorgen, / slukker sorgen til evig tid; / den har oss givet / lyset og livet, / lyset og livet i dagning blid. / Påskemorgen / slukker sorgen, / slukker sorgen til evig tid.
2Redningsmannen / er oppstanden, / er oppstanden i morgengry! / Helvede greder, / himlen seg gleder, / himlen seg gleder med lovsang ny. / Redningsmannen / er oppstanden, / er oppstanden i morgengry!
3Sangen toner, / vår forsoner, / vår forsoner til evig pris; / han ville bløde / for oss å møte, / for oss å møte i paradis. / Sangen toner, / vår forsoner, / vår forsoner til evig pris.
4Bøtt er brøden, / død er døden, / død er døden som syndens sold! / Nu ligger graven / midt i gudshaven, / midt i gudshaven i Jesu vold. / Bøtt er brøden, / død er døden, / død er døden som syndens sold.
5Englesete, / engleglede, / engleglede i jordens skjød! / Lyet og leet / under livstreet, / under livstreet gjør hvilen søt. / Englesete, / engleglede, / engleglede i jordens skjød!
6Mørket græder, / englekleder, / englekleder de er som lyn. / Om enn bedrøvet / smiler dog støvet, / smiler dog støvet ved englesyn. / Mørket græder, / englekleder, / englekleder de er som lyn.
7Morgenstunden / gull i munnen, / gull i munnen har enn til oss. / Fra vår forsoner / livets gullkroner, / livets gullkroner, vår død til tross. / Morgenstunden / gull i munnen, / gull i munnen har enn til oss.
8Fagre skarer / oppad farer, / oppad farer fra grav i sky. / Tungene gløder, / Herren vi møter, / Herren vi møter med lovsang ny. / Fagre skarer / oppad farer, / oppad farer fra grav i sky.
Påskemorgen i St.Ansgar
Abonner på:
Innlegg (Atom)