Afften Psalme.
1.
DAgen viger og gaar bort,
Lufften bliffver tyck og sort,
Solen har alt Dalet plat,
Det gaar ad den mørcke Nat.
2.
Tiden sagte lister sig,
Glaset rinder hastelig,
Døden os i Hælen gaar,
Evigheden forestaar.
3.
Nu een Dag jeg eldre bleff,
Det er som mit Tancke-Breff,
At jeg med min vandrings Staff,
Nærmer helder til min Graff.
Slik lyder dei tre første versa i Dorothe Engelbretsdatters "Afften psalme". Salmen har totalt tjue vers og er eit typisk eksempel på hennar dikting både i form og innhald. Dorothe Engelsbretsdatter var fødd i Bergen i 1634 som datter til soknepresten i Bergen Domkirke, ho levde eit langt liv og døydde i 1716. Ho blir rekna som den første norske kvinnelege forfattaren, og som ein av dei store kvinnene i Bergen bys historie. Det mest av det ho skreiv var salmar og songar med religiøst innhald, men og rimbrev og leilighetsdikt som kunne ha eit humoristisk preg. I 1678 fekk ho utgjeve "Siælens Sang-Offer" og i 1683 "Taare-Offer". Innhaldet her er prega av vissa om døden som alltid er nær i dette forgjengelege livet ,og vona om oppstoda og eit evig liv.
Det var også hennar personlege oppleving i livet, ho vart tidleg enke og sju av ni barn døydde før vaksen alder. Slik var nok livet for mange kvinner på 1600 tallet, men ingen andre Dorothe Engelbretsdatter sette seg ned og skreiv om det. Salmane og songane hennar vart populære både i samtida og ettertida og dei vart trykte i mange opplag. Ho fekk innvilga skattefritak av kongen og var sånn sett den første forfattar som fekk "diktargasje". Forfattarskapen hennar er prega av barokkens bilete og uttrykksform og vil nok verka framand på vår tid, men her har vi ei einsleg kvinneleg røyst frå ei ukjent og mørk tid og det er i seg sjølv burde vera grunn til å lytta til henne. Eg tek difor også med dei siste versa av "Afften Psalme".
18.
At det er saaledis fat,
Jeg eengang den lange Nat
Skal iblandt de dødis Tal,
Soffve i den mørcke Dal.
19.
Fire Fiele er min pragt,
Hvor udi jeg bliffver lagt,
Med it Lagen og lit meer,
Eyer icke saa en Feer.
20.
Alle Verdslig Ting forgaar,
Jeg til Herlighed opstaar,
Naar Gud ved Basunens Lyd,
Kalder mig til Evig Fryd.