onsdag 1. mai 2024

Den heilage Josef handverkaren

 1.mai er innleiing til vårmånaden som er ein Maria- månad. Men i dag er og minnedag for Josef som Maria var trulova  med og som gjennom livet trufast stod ved og verna den vesle familien. Det er lite vi veit om Josef utover det som står heilt kort i evangelia, det er ikkje attgjeve noko han skal ha sagt. Men det kjem fram at Josef var ein from og rettskaffen mann. Minnedagen for Josef vart først markert i karmelittordenen i Italia og Frankrike og var då lagt til hausten. Pave Pius IX erklært i 1870 at Josef var « Universalkirkens beskytter». I 1955 gjorde pave Pius XII 1.mai til ein minnedag for Josef handverkaren. Det var nok meint som ei motvekt mot den sosialistiske markeringa av dagen.

Dagens messe i St.Ansgar var særskilt minneverdig i det ein heil familie vart teke opp i Kyrkjas fulle fellesskap. Randi og Andreas Ommundsen med barna Johan, Signe og den minste Marta som alt er døypt katolsk. Det vart ein nådefull og vakker sermoni!

Vietnamesisk messe byrja med prosesjon i gatene  med markering av både Josef og Maria. Bileta under er frå denne prosesjonen.

Eit dikt om Josef tømmermannen inspirert av Georges de la Tours måleri.

Dagslyset kverv men

du er enno ikkje ferdig

tilmålte bord ligg klar

alt skal skøytast saman

Oppdragsmannen ventar

men ikkje i tolmod.

Du ropar på guten og han kjem:

«Hineni - her er eg!»

Det blafrande lyset 

i stødige barnehender.

Du bøyer deg

over det krossforma bordet,

grovt trevirke

der naglene eingong skal

skyvast på plass,

og du minnest engelens ord:

« Ver ikkje redd for å ta henne

heim til deg, Josef!»

Draum eller røyndom,

aldri nølande du lydige.